2022/2023

2MNK172-1 Norsk 1, emne 1: Barnelitteratur

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten oppnådd følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten 

  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har brei kunnskap om teori og relevant forsking innanfor litteratur for barn og unge
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn og unge
  • har kunnskap om samisk litteratur og kultur
  • har kunnskap om læremiddel for trinn 1–7

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan bruke tekst- og sjangerkunnskap i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan legge til rette for læringsfremjande samtalar om tekstar
  • kan vurdere og bruke ulike norskfaglege læremiddel, digitale verktøy og ressursar og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for fagdidaktiske val som er tilpassa ulike grupper av elevar  
  • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Innhold

  • Litteratur for barn og unge i ulike sjangrar og medium – munnlege, skriftlege og samansette multimodale tekstar
  • Litterære og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • Utvikling av eigen litterær lesekompetanse
  • Munnlege arbeidsmåtar
  • Fleirkulturelle perspektiv i arbeid med tekstar
  • Analyse og vurdering av læreplan og læringsressursar og for norskfaget
  • Opplæring i grunnleggjande digitale ferdigheiter som er aktuelle for norskfaget
  • FoU-komponent: Innføring i akademisk skriving med vekt på fagdidaktisk analyse av arbeidet med skjønnlitterære tekster  
  • FoU-komponent: Bruk av forskingsmetode (til dømes observasjon) i utvalde artiklar (i nettseminar)
  • Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg litterært og litteraturdidaktisk fagspråk og gi respons til skrivinga til medstudentane

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskulens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen. 

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.

Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.

Obligatoriske krav som må være godkjent før eksamen kan avlegges

  • Ein kortare individuell fagtekst, skriftleg eller munnleg.
  • Ein større individuell fagtekst med drøfting av didaktiske perspektiv
  • Ta del i inntil tre nettseminar
  • Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller ved kvarandrevurdering av medstudentar si skriving, som spesifisert i undervisningsplanen.
  • 80 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert

Eksamen

Heimeeksamen over to dagar (48 timar)

Målform: Nynorsk

Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkaraktar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.

Karakteren i Norsk 1, emne 1 teller 50 % av endeleg karakter i faget Norsk 1 (30 studiepoeng).

Tillatte hjelpemidler til eksamen

Alle