2022/2023

2MNK171-3 Norsk 2, emne 3: Språk og tekst i tid og rom

Læringsutbytte

Ved bestått emne har kandidaten oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om skolefaget norsk si historie og eigenart som språk-, litteratur-, kultur- og danningsfag
  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
  • har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa frå eldre og nyare tid
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar  
  • kan legge til rette for variert arbeid med språk, skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål, finne fram til og bruke relevante kjelder og utøve kjeldekritikk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar knytt til rolla som norsklærar og til samarbeid med andre i og utanfor skolen  
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer og leggje opp til samtaler om slike tema i klasserommet
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1–7 i samarbeid med andre 

Innhold

  • Skjønnlitteratur og sakprosa for barn, unge og vaksne
  • Norskfaget sin plass i skolen i eit historisk perspektiv
  • Litteraturhistorie og språkhistorie
  • Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa i ulike medium og modalitetar
  • Norsk språk i eit historisk og kontrastivt perspektiv
  • Norsk som andrespråk
  • Nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
  • FoU-komponent: Analyse av vitskapelege artiklar presentert i seminar
  • Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg fagspråk og gi respons til og samtale om medstudentar sine munnlege og skriftlege arbeid

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, ulike seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskolens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen. 

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.

Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.

 

Obligatoriske krav som må være godkjent før eksamen kan avlegges

  • Inntil to korte, individuelle skriftlege fagtekstar på nynorsk, med eigenvurdering, ein på nynorsk og ein på bokmål.
  • Delta på inntil to seminar med munnleg presentasjon, i gruppe eller individuelt, som spesifisert i undervisningsplanen.
  • Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving og munnlege presentasjonar, som spesifisert i undervisningsplanen.
  • 80 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert.

Eksamen

Fire timar individuell skriftleg eksamen. 

Målform: Nynorsk

Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkarakterar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.

Karakteren i Norsk 2, emne 3 teller 50 % av endeleg karakter i Norsk 2 (30 studiepoeng).

Tillatte hjelpemidler til eksamen

Digital ordliste, tilgjengeleg på nett under eksamen.